Det å tenna eit lys for den ein har mista betyr noko spesielt.  Det er ein måte å visa at ein savnar utan å bruka ord,
å visa at den som er borte er med oss i tankane.
ForglemMegEi-lyktene
har teke namnet sitt frå den minste av blomar, den med namnet ingen anna blom kan måle seg med,
og med ein farge som speglar himmelen ein klar sommardag.
Dei har og tekstar som seier litt om savnet ein kjenner etter å ha mista nokon ein er glad i.
Illustrasjonen av ein forglemmegei og sommarfugl som finst på dei fleste minnelyktene
er laga av grafisk designar Åslaug Snilstveit ved Salikat Design.

10 kroner frå kvar selde lykt går til Kreftforeningen.